Snøskredhending på skredkurs 24. februar
Publisert: 07.03.2023
Eit lite snøskred vart utløyst på vidaregåande skredkurs med Polarsirkelen turlag. Ingen vart skadd i skredet, men instruktør på kurset har likevel utarbeida ein rapport for at andre skal kunne lære av hendinga.
I rapporten kan du lese om:
- Erfaringar med debrief etter hendingar
- Korleis ein kan gripe tak i hendingar for å lære av dei.
- Råd om oganisering av deltakarar i gruppe.
- Ein må alltid vere merksam på skredfare når ein er i skrederreng.
Det er veldig fint at arrangørar og turleiarar tek hendingar alvorleg og let andre lære av sine erfaringar. Læringa er som regel best etter hendingar utan alvorleg utfall. Då kan alle involverte vere med å gje innspel til vurderingar som vart gjort.
Rapporten er skriven av Thomas Skonseng frå Polarsirklen Turlag. NVE har gitt innspel på form og oppbygging av rapporten. Du kan lese heile rapporten her.