Hopp til hovedinnhold
Dette er en TEST-versjon av Varsom. For oppdaterte varsler besøk https://www.varsom.no

Snøskredulykker vinteren 2022/23

Publisert: 11.12.2023

Vinteren 2022/23 mista 8 personar livet i snøskredulykker i Norge. 5 av desse omkom på same dagen,  i 3 forskjellege hendingar den 31. mars. 

Foto: Ingrid Skrede / NVE

Vinteren 2022/23 omkom det 8 personar fordelt på 6 snøskredhendingar i Norge. 3 av
desse hendingane med til saman 5 omkomne var på den same dagen, 31. mars 2023.
Alle desse tre hendingane var i Troms.
6 av dei omkomne døde i forbindelse med friluftsaktivitetar, 5 på topptur og 1 ved
skikøyring utanfor løypene ved skisenter. 2 av dei omkomne døydde då snøskred tok
huset deira.
Det har no vore 3 vintrar utan at nokon har omkome i skred ved snøskuterkøyring i
Noreg, og 2 vintrar utan omkomne på skavlar.
Alle hendingane var innanfor Snøskredvarslinga sin varslingssesong (1. desember – 31.
mai) og regionar. 

Les samlerapport over ulykker med onkomne vinteren 2022/23 her.